Bryr seg: Elin Haatvedt (t.v.), Egil Jøsendal, Åse Hylland og Jon Hovda er blant dei ved AiR som har donnert ein del av løna si til Flyktninghjelpen for å hjelpe menneske på flukt frå Ukraina. Nå oppfordrar dei fleire til å gjera det same.
Else Børte
Gjev av løna si for hjelpe menneske i Ukraina
Blant dei tilsette ved Rehabiliteringssenteret AiR har det vore stor vilje for å trekke litt av løna og legge i ein pott dei har sendt til Flyktninghjelpen. Nå oppfordrar leiinga ved AiR andre bedrifter til å gjera det same.
Elin Haatvedt vakna til eit fælt krigsbilde med folk på flukt då Russland invaderte Ukraina. Ho tenkte umiddelbart at noko måtte bli gjort for å hjelpe dei sivile som var på flukt. Då ho reiste på jobb på AiR same dag foreslo ho for leiinga at alle tilsette kunne donere ein del av løna si til Flyktninghjelpen.
– Det var stor vilje for å trekke litt av løna og legge i potten som skulle gå til Flyktninghjelpen. På toppen av det heile dobla AiR den summen att, seier Haatvedt, som er tillitsvald for Fagforbundet.
Oppfordrar andre til å gjera det same
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP