Gleda ved å gi: – Så lite som ein fotball kan bety mykje for desse barna

I fleire år har Torunn Widskjold Haugsevje og Venke Bakke arrangert dugnadar for å hjelpe unge jenter i eit fjellområde i Tanzania. Fyrstkomande laurdag står dei på haustmarknaden på Dalen for å samle inn pengar til eit helsehus i området.

– Jentene er ei av dei mest sårbare gruppene der nede, og grunnen til at me begynte å hjelpe desse var at ein såg kor sterkt dei ynskte å få seg utdanning og gå på skule, men at fleirtalet av jentene måtte slutte etter barneskulen. Ein av grunnane til det var at reisevegen til ungdomsskulane var lang – mange av dei måtte gå opp mot 3-4 timar kvar veg. Det er farleg for dei å ferdast på dei stiane med tanke på vald og valdtekt osv. Derfor vart ein av dei første prosjekta me var med å bidra til, at det skulle bli bygd internat ved ungdomsskulane for desse jentene.

– Lever i rønner

Haugsevje og Bakke har besøkt fjellområdet mange gonger og fortel at det å sjå at pengane dei samlar inn faktisk blir bruka til å skape betre fasilitetar til dei som bur der er sjølve drivkrafta bak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er menneske og lokalsamfunn som har særs lite å rutte med. Dei lever i det me ville omtala som rønner. Tanzania er eit land der kanskje styresmaktene ikkje bryr seg så mykje om folk slit, og eit land som satsar stort på byane. Dermed blir fort dei små lokalsamfunna gløymde, og det er der me ynskjer å hjelpe til. I tillegg så er alle prosjekta i samarbeid direkte med studentane og dei eldste i landsbyen. Dermed blir pengane bruka til det dei seier at dei har mest behov for.

Glede: – Eg hugsar godt den gongen me drog ned til området med fotballar. Dei sette fort til sides tøystykke med gummistrikk, og gleda var stor over å få sparke med ein ekte fotball, fortel Bakke.
Bur på internat: – Å få på plass internat for jentene er noko av det viktigaste me har gjort. Det er langt ifrå høgtstandard, og dei bur opp mot åtte jenter på eit rom, men dei set likevel stor pris på det, fortel Torunn.

Internat, vasstønner som fangar opp regnvatn som dei kan bruke til matlaging, oppussing av skular og innkjøp av skulebøker er noko av dei største prosjekta som har blitt realiserte dei siste åra ved hjelp av pengane som har blitt samla inn gjennom dugnad. Årets prosjekt og hovudfokus vil ligge på å få bygt eit lite helsehus i området.

Klasserom: Her ser ein eit bilete av eit typisk klasserom på ein av skulane i fjellområdet.
Mangel på lærarar: – I likskap med helsepersonell er det også mangel på lærarar. Nokre stader er dei fire lærarar på omkring 400 elevar, fortel Venke.

Manglar fagfolk

I eit fjellområdet utan straum, med dårleg infrastruktur og generelt dårlege kår er det vanskeleg å få rekruttert fagpersonell med høg utdanning.

– Folk med høg utdanning og god inntekt vil ofte ikkje busetje seg i desse områda. Men med eit helsehus med kontorfasilitetar, ein plass å møte pasientane og ein liten hybel til overnatting, vil gjere at legar og helsepersonell kan besøke området med visse mellomrom, seier Bakke.

– Dei som bur der treng verkeleg kvalifisert helsepersonell tilstades innimellom. Eg minnest då me var der nede at eg såg barn med blant anna brannskader på hendene som ikkje vart behandla. Det var vondt å sjå korleis dei desperat prøvde å hjelpe kvarandre og bruka diverse naturmedisinar for å bli kvitt plagene, men det hjelper jo ikkje stort, fortset Haugsevje.

Torunn og Venke fortel at folk i Tokke har vore særs gåvmilde når det gjeld prosjekta og dugnadane dei steller i stand.

– Folk har gjeve alt mogeleg – alt frå babyteppe til briller. Dette er ting som me sender rett ned til Tanzania, for det er ting dei har bruk for. Andre har blant anna strikka, hekla, sylta, snikra eller baka ting som me igjen kan selje på marknader og liknande.

Samlar inn på haustmarknaden

Til helga er det haust-marknad på torget på Dalen, og dei oppmodar folk om å anten koma med ting dei kan gi eller kjøpe noko av det dei sel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For oss er det veldig viktig å poengtere at alle pengane går direkte til prosjekta der nede, og dei som er med på å lage ting gjer det gratis.

For Venke og Torunn er det viktig å dele erfaringa deira med at det å gi til folk som har lite gir stor glede, både for ein sjølv, men også for dei som får det.

– Me har sjølv sett med eigne auge kor mykje så lite som ein fotball kan bety for desse barna. Det er klart ein blir glad av å sjå kor stor pris dei set på det dei får.

Håpar på bidrag: Torunn Widskjold Haugsevje (t.v.) og Venke Bakke håpar å sjå mange på haustmarknaden på Dalen fyrstkomande laurdag.