I gang: Thor Gotaas skriv den nye boka om Sondre Norheim, og vil gjerne koma i kontakt med alle som har noko å fortelje om skipioneren frå Morgedal.
Åshild Emma Solbjør
Gotaas er i gang – ønsker å prate med alle som veit noko om Sondre
Forfattar Thor Gotaas har teke på seg oppdraget med å skrive bok om Sondre Norheim i høve 200-årsjubileet neste sommar. – Eg er omtrent halvvegs i arbeidet og det er artig, seier Gotaas til VTB.
Sondre Norheim vart fødd i Morgedal den 10. juni 1825, og vert rekna som ein av dei fremste pionerane innan moderne norsk skisport. Han var ein kreativ skiløpar og ikkje redd for å teste ut nye idear. Nokre av dei viste seg å vere veldig gode, til dømes det å lage kortare ski med innsving og vidjebindingar kring hælen. Med dette utstyret vann Norheim eit skirenn i hovudstaden i 1868, og frå den dagen har namnet hans vore kjent langt utanfor Morgedals grenser.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP