Moland kyrkje.
Evy Karlsen
Grav-avgiftene i kommunen kan bli dobla
Festeavgift for gravplass i Fyresdal kommune vart i 2016 fastsett til kr 100 kroner i året. Nå meiner soknerådet tida er inne for å auke avgifta.
I saka som kjem til kommunestyret torsdag blir det føreslege å auke prisen frå 100 til 200 kroner i året. Kommunedirektøren skriv i saka at festeavgifta er låg om ein samanliknar med andre kommunar og at ein derfor kan forsvare ei dobling.
Festeavgifta for gravplass har ikkje blitt justert sidan 2016. I denne perioden har samla løns- og prisvekst vore på i overkant av 60 prosent desse åra. Kommunedirektøren meiner ein ved å doble festeavgifta nå tek ein høgde for «nokre års løns- og prisvekst».
I vedlegg til saka kjem det fram at soknerådet i Fyresdal i møtet i november i fjor var samde om å auke frå 100 kroner til 300 kroner. Arbeidsutvalet i kyrkja møttest to veker seinare og rådde då soknrådet til «berre» å doble festeavgifta.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP