Gro meiner kommunen bør satse meir på studentar – foreslår å opprette mastergradsstipend
Gro Bakke meiner Tokke kommune bør bruke meir tid og ressursar på studentar. Ho foreslår at kommunen opprettar eit mastergradsstipend.
– Det bør vere ei målsetjing for Tokke kommune å rekruttere unge og nyutdanna personar til å søkje på ledige stillingar i kommunen, skriv Bakke i søknaden til Tokke kommune.
Ho kjem frå Lårdal og studerer jus. I haust er ho på utveksling i New York, og skal skrive masteroppgåva ved jussen i Bergen til våren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er i planleggingsfasen for korleis eg skal leggje opp løpet for neste semester. I den forbindelse har eg sett mastergradsstipend frå mellom KS (kommunesektorens organisasjon) og ulike advokatfirma, men ingen kommunar, fortel Bakke til VTB.
I september sende ho ein søknad til heimkommunen om at dei etablerer eit kommunalt mastergradsstipend. Ho nemner fleire føremål med eit slikt stipend – å støtte opp om og motivere lokale studentar, å fremje utdanningsnivået i Tokke og rekruttering.
– Sjølvsagt er det lettare for meg å meine noko om dette, sidan eg er i målgruppa sjølv. Likevel meiner eg det vil vere mange fordelar ved å opprette eit slikt program, både for studentane og Tokke kommune, held ho fram.
Hovudårsaka til at ho sende denne søknaden er at ho meiner at kommunen bør bruke meir tid og ressursar på å prioritere studentar frå Tokke.
– Det er pr. i dag ikkje noko særleg fokus på studentar som gruppe i Tokke kommune. Då ser eg bort frå støtteordningar til dei som vil forplikte seg til å arbeide innanfor helse og barnehage/skule i etterkant av fullført utdanning. Dette er ei veldig god ordning, men det rettar seg mot ei lita gruppe av studentane, meiner Bakke.
– Eit mastergradsstipendprogram vil vere eit tiltak som kan bidra til å etablere kontakt og rekruttere ferdig utdanna studentar til å søkje på jobbar i kommunen. Det vil støtte opp om personar som tek mastergradar ved ulike universitet rundt om i landet, og skape gode band mellom studentar og kommunen. Det er krevjande økonomisk å fullføre ei utdanning, så eit bidrag frå kommunen vil vere ei god støtte, legg ho til.
– Flott initiativ
Både ordførar Jarand Felland og kommunedirektør Finn Arne Askje kallar initiativet frå Bakke eit flott initiativ.
– Planen er nå at me lagar ei sak der spørsmålsstillinga blir greidd ut. Målet er at saka følgjer handsaming på same tid som budsjetthandsaminga, då eventuelt stønadsordningar kan ha kostnadsmessige konsekvensar, kommenterer Askje til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.