Torleif Lie fekk fleire prisar under NM for profesjonelle fotografar.

Gull, sølv og heiderleg omtale til Torleif

Fotograf Torleif Lie fekk både gull, sølv og tre heiderlege omtaler under årets landskonkurranse for Norges Fotografforbundet.

Publisert Sist oppdatert

Sundag har Norges Fotografforbund sitt årlege arrangement FOKUS. Då er det også premieutdeling i Landskonkurransen 2025, NM for profesjonelle fotografar. 

Torleif Lie, som er busett i Tokke, fekk både gull, sølv og tre heiderlege omtaler under konkurransen. Begge medaljebilda er kategorivinnarar i «Natur» og «Open klasse». Juryen grunngjev prisen slik: 

«Fotografen har gjort ein ordentleg bra jobb med å ha sett motivet og plassert kamerastandpunktet akkurat der det skal vere. Nydelege lineoverføringar og fine avrundingar. Det er struktur og tonar overalt. Ein flott svart/kvitt på høgt nivå.»

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS