Takka nei: Kamilla Langen forklarte seg som vitne i retten fredag og møtte i retten igjen tysdag for å høyre forklaringa til Halstein Sjølie. Då han var ferdig, snudde han seg og bad om orsaking og ville ta henne i handa. Kamilla Langen takka kontant nei.
Vidar Ystad
Halstein Sjølie vitna: Kontoutskrifta han laga og sende til Kamilla, viste at det stod 15,2 millionar kroner på kontoen. Realiteten var 2095 kroner
I går møtte den avskilta advokaten og hotellinvestoren, Halstein Sjølie, som vitne i straffesaka mot si eiga kone, Marianne Sjølie. Ho står tiltala for grov kvitvasking av minst 64 millionar kroner, pengar han er dømd for å ha underslått frå klientar.
Halstein Sjølie er snart ferdig med soning av dommen på fem og eit halvt års fengsel som han fekk i september 2021. Han vart også frådømd retten til å praktisere som advokat. Sjølie har sona i Halden fengsel. I løpet av soningstida har han utdanna seg til kokk, og han har nettopp fått jobb som kokk ved ein restaurant i Fredrikstad.
I Oslo tingrett tysdag forklarte han at det var han sjølv som forfalska dokument, mellom anna bankutskrifter frå eigen klientkonto, og på den måten lurte både revisor og tilsynsorgan i ei årrekke. Slik oppnådde han at underslaga på klientkontoen ikkje vart oppdaga. Og han hevda at kona, Marianne, ikkje visste at han dreiv med noko ulovleg.
– Kvifor skal vi tru på deg nå, når du har forklart deg så urett tidlegare? spurde aktor, førstestatsadvokat Geir Kavlie.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP