Hermien (t.v.) og Jan saman med dottera Amber Kuipers flyttar i april frå Åmli til Seljord der dei har kjøpt og skal drive både blomster- og interiørbutikk på Brøløs og hagesenteret Høns'n roses vidare.

Hermien, Jan og Amber flyttar til Seljord og tar over to verksemder

Etter 16 år i Åmli flyttar Hermien, Jan og Amber Kuipers til Seljord for å både drive blomsterbutikk og hagesenter. - Me gler oss til å starte opp og bli kjent, seier dei tre. 

Publisert Sist oppdatert

For 16 år sidan tok familien Kuipers frå Nederland steget og flytta til Noreg og Åmli etter dei fann ei annonse på Finn.no. 

– Hermien har drive blomsterbutikk i Åmli i 16 år, ja planen var eigentleg at me skulle drive han saman, men det var behov for ei inntekt til. Difor jobba eg som truckførar på Bergene Holm i 12 år, fortel Jan medan me går inn i den store gartnarhallen på Høns'n roses i Seljord. 

Han har sådd stemorsblomar, ventar fleire planter inn og stiklingar han må potte om. Så-frø er fylt på, potter stabla og førebuingane til ein travel sesong formar seg. Hagesenteret skal få eit rikt utval av planter, tre, blomar, hageutstyr, sjølvdyrkande produkt og økologiske varer. Det er alt travle dagar for han og dottera Amber, medan Hermien jobbar med å gjere klar butikken for opning på Brøløs. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS