Lakshøl: Einar Særsland (t.v.), Svein Tveiten og Lars Bjaadal er med i Lakshøls venner, men innser nå at andre må overta.
Øystein Øygarden
Håpar nokon tek ansvar før inngangsporten til Seljord rotnar
Entusiastane i Lakshøl venner kastar nå korta. Dei innser at dei ikkje får gjort meir for å bevare bygga. Men dei har ein idé om korleis dei kan sikre varig vedlikehald av industriminnet ved E134.
I Smørklepp i Vinje står nemleg kraftstasjonen som blei sett opp i Lakshøl Bruk på 1920-talet. Dette kjøpte Kjetil Nergarden i Smørklepp i Vinje tidleg på 1980-talet, nokre år etter at drifta i Seljord blei lagt ned. Kraftverket sytte for straum til gartneriet der det mellom anna blei produsert tomatar. Nå er det Statkraft som eig kraftstasjonen i Smørklepp, men her er det planar om ny kraftutbygging. Dermed har det opna seg ein moglegheit for at kraftverket igjen kan produsere straum i Lakshølfossen.
– Statkraft vil gje denne i gåve. All ære til Magnus Barstad og Statkraft altså, fortel Lars Bjaadal når han saman med Einar Særsland og Svein Tveiten møter VTB ved Lakshøl Bruk.
Dei er saman med Oddvar Kvålo og Øystein Kildal entusiastane i det dei har kalla Lakshøls venner. Tanken er at kraftverket vil kunne generere inntekter som kan sikre vedlikehald av bygningane. Men velviljen frå Statkraft er langt frå nok. Å få kraftverket opp att der det høyrer heime vil koste 6,9 millionar kroner har dei fått rekna på. Den rekninga er ikkje Skagerak Energi AS, som eig størsteparten av fallet, noko interesserte i. Seljord kommune, som eig bygga, har heller ikkje kunne signalisere noko anna enn lovord for arbeidet entusiastane har lagt ned.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP