Fann konsensus: Nissedalordførar Ian Parry-Jones (Sp) fann til slutt ein ordlyd som gav samrøystes oppslutning i saka om flyktningbusetjing i 2024 – kommunen seier ja til 15 no, signaliserer ynske om å doble tala, men vil ha halvtårsevaluering fyrst.

Har blitt beden om å busetje 30 – seier ja til halvparten, men håpar dei klarer fleire

Kommunestyret i Nissedal vedtok torsdag å busetje 15 flyktningar i 2024, halvparten av oppmodinga frå IMDi. Kommunen skal også jobbe aktivt mot å sikre at dei som kjem til kommunen har moglegheit til å kjøpe eigen bustad dersom dei vil bli verande.

Publisert

Mangel på høvelege bustader var årsaka til at kommunedirektør Sverre Sæter tilrådde nissedalspolitikarane å gå for halvparten av oppmodingstalet frå Integrering- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

– Me meiner ein heller må auke trykket på å nytte seg av tilskot frå Husbanken, slik at det blir fleire bygg, enn å redusere talet me tek imot, sa Kristin Parkinson Vågen (Ap), då ho kom med framlegg om å gå for å busetje alle 30 IMDi har oppmoda om.

– Nissedal Arbeidarparti er opptekne av å halde fram med busetjing etter oppmoding frå IMDi, dette står i programmet vårt, heldt ho fram.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS