Våningshuset: Er truleg frå 1700-talet og har ei grunnflate på 60 kvadratmeter. Toroms-stoga er opphaveleg ei tømre som seinare er kledd utvendig med bordkledning. (Kjelde: Salsprospektet)
Anne Sofie Tresland
Har fått nei to gonger. Denne månaden kan endeleg svaret frå departementet kome
Konsesjonssaka i Åsgrend er nå på bordet i landbruks- og matdepartementet. Ei avgjerd er venta denne månaden.
Det kjem fram i eit brev frå departementet til advokatfirmaet Eurojuris Telemark sendt like før jol. Dei representerer eigar Alf Kjetil Runningen i saka. I fjor haust varsla landbruks- og matdepartementet eit svar før nyttår, men dette let seg ikkje gjera på grunn av «stor saksmengde».
Alf Kjetil Runningen har kjøpt Fossøl i Åsgrend for 2,15 millionar kroner. Han har søkt kommunen om konsesjon to gonger – men fått nei båe gongene. Statsforvaltaren har ikkje funne nokon grunn til å overprøve dei kommunale vedtaka, og derfor er saka nå på departementets bord.
Advokat Hilde Sannes Holløkken varsla i fjor sommar, på vegner av Runningen, søksmål – og kravde at avgjerda frå kommunen om å avslå konsesjonssøknadene blir omgjort av departementet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP