Har funne bakteriar i vassprøver. Nå må alle koke vatnet
Seljord kommune har starta kloring av drikkevatnet ved Seljord vassverk i dag.
Det skriv kommunen i ein SMS til alle abonnentane som får kommunalt vatn i Seljord (ikkje Flatdal og Åmotsdal).
– Me tilrår også at de kokar vatnet. Kloringa er starta for å hindre bakteriar i drikkevatnet, skriv kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bakgrunnen for kloringa er funn av bakteriar i vassprøver og etter råd frå Mattilsynet.
Kommunen skriv elles at det er viktig at huseigarane varslar leigetakarane sine.
Det er tatt nye vassprøver i dag. Resultata kjem onsdag 27. juli.