Torsdag 27. februar blei kunstforeininga i Seljord møtt av dette synet.

Har gjennomført nye undersøkingar

Politiet ventar framleis på svar etter undersøkingane som er gjort etter innbrotet og hærverket i Kunstlåven i Seljord. 

Det har gått vel to veker sidan kunstforeininga oppdaga at uvedkomande har tatt seg inn og tilbrakt mykje tid i Kunstlåven. Det er framleis uvisst om noko er stole, men det er utført omfattande hærverk. 

Bård Teigen ved Vinje politistasjon seier dei har hatt to åstadsundersøkingar og sikra ein del spor. Dei ventar på svar på prøver dei har sendt inn, som til dømes fingeravtrykk. Teigen seier det kan ta meir enn ein månad før det kjem svar. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS