Godt besøkt: Yvonne og Leo Kievit driv Fjonesundet kafé og Fjoneferga, og er glade for at så mange gjester brukar både ferje- og kafétilbodet. Her saman med dagens ferjeskipper, Ken Robin Jacobsen.

Har på det meste frakta 120 bilar dagleg over ferjesundet i Nisser

Både Fjoneferja og Fjonesundet kafé har hatt hektiske dagar dei siste vekene. Turistar og lokale har nytta både matplassen og transporttilbodet flittig.

Publisert

Fyrst møter me Leo Kievit som skipper på Fjoneferja på føremiddagen, før han seinare på dagen vinkar hei frå kjøkkenet på Fjonesundet kafé som han driv saman med kona Yvonne. Det har vore full fart dagen lang, seier han.

I fellesferien var det svært hektiske dagar, og heile uteserveringa var gjerne fullsett av både lokale og turistar.

Dei vanlege rutetidene har nokre dagar blitt sett til sides, og ferja har køyrd utan stopp fram og tilbake mellom Nissedal og Fjone.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS