Har pussa opp for nær 80 millionar kroner dei siste fem åra
Rehabiliteringssenteret AiR har pussa opp og bygd ut for nær 80 millionar kroner.
Ny kantine og nytt treningsareal, oppgradering av inngangsparti, resepsjon og kontor og ei storsatsing på bustadar for tilsette er nå ferdigstilt. Det er også bruka fleire millionar kroner på oppgradering av kjøkenet ved rehabiliteringssenteret. Leiinga ved AiR viser stolt fram utbygginga og oppgraderinga som har skjedd over dei siste fem åra.
– AiR er ein ideell organisasjon der ingen tek ut utbytte. Det forklarar noko av handlingsrommet vårt. Me har tru på at satsinga vil gjera oss enda betre i stand til å gje eit godt tilbod til deltakarane og skape gode arbeidstilhøve for dei tilsette, seier direktør ved Rehabiliteringssenteret AiR Svein Kostveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Funksjonelle fasilitetar
AiR har gjennomført mykje vedlikehald og utbygging dei siste fem åra.
– Me satsar og har eit styre som trur på framtida. Me må ha innbydande og funksjonelle fasilitetar i tillegg til den faglege kvaliteten og kompetansen, seier Kostveit.
Med sine 90 tilsette er AiR blant dei største private arbeidsplassane i Vest-Telemark. Rehabiliteringsinstitusjonen har plass til 72 deltakarar.
– Me er nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering, seier Kostveit.