Har sett av 15 dagar til rettsaka

Straffesaka mot tidlegare hotellinvestor Marianne Sjølie er no fastsett. Saka startar 10. april i Oslo tingrett. Det ser sett av heile 15 rettsdagar til saka.

Publisert Sist oppdatert

Marianne Sjølie som åtte og dreiv ei rad hotell både i Telemark og i andre fylke, mellom anna Morgedal hotell, saman med ektemannen, Halstein Sjølie, er tiltala for grov kvitvasking av minst 64 millionar kroner.

Grunnlaget for dette tiltalepunkta, er at ho skal ha ytt hjelp til å sikre utbytet av ei straffbar handling for ein annan ved å løyne det. Ho førde i mange år rekneskapane for mannen som dreiv advokatforretning i Moss.

Subsidiært er ho tiltala for grovt underslag av same beløp. Det omfattar urett rekneskapsføring i perioden 15. november 2016 til 30. september 2019 som ifylgje tiltalen dekte over ektemannens urettvise uttak av klientmidlar på minst 64,7 millionar kroner frå klientkontoen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS