Har testa i underkant av 1300 rein – ingen skrantesjuke påvist så langt
Det endelege talet og samansetninga av dyr felt under årets jakt vil danne grunnlaget for om det blir eit ekstraordinært uttak til vinteren.
– Dette er omtrent som forventa. Trass i at det var delt ut 8 000 kort, er dette eit realistisk resultat, seier Svein Erik Lund i sekretariatet i Hardangervidda Villreinutval.
Dei endelege tala på felte dyr i årets reinsjakt er enno ikkje klare, men Veterinærinstituttet har ifylgje Lund til no analysert i underkant av 1300 prøver frå felte dyr for skrantesjuke (CWD). Alle har vore negative.
– Desse tala er ikkje kvalitetssikra, og det er truleg noko etterslep, men eg vonar at dei aller fleste som har skote dyr som er eldre enn eit halvt år har sendt prøver inn. Av tidlegare erfaring vil eg tippe det har blitt skote mellom 200 og 400 kalvar, seier Lund.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP