Har tilsett éin av to. – Framleis optimistiske, men risikoen aukar for kvar dag som går
Avdelingsleiar Espen Halvorsen ved DPS Telemark stadfestar at sjukehuset har tilsette éin av dei to psykiatrane dei treng for å drifte tilbodet i Seljord.
VTB skreiv i august om vanskane med å rekruttere psykiatrar til DPS (distriktspsykiatrisk senter) i Seljord. To av psykiatrane ved DPS har gått av med pensjon, og sjukehuset hadde ikkje klart å rekruttere nye, uttala Espen Halvorsen, som er avdelingsleiar for DPS i Øvre og Nedre Telemark, til VTB.
Avisa Varden skreiv i slutten av september at drifta i Seljord kan bli lagt ned 23. desember, og at det hadde vore allmøte i Seljord med leiing, tillitsvalde og tilsette. Her blei det informert om at det blir starta eit omstillingsarbeid parallelt med at det blir lyst etter psykiatrar.
– Det betyr at me må førebu oss på at vi kanskje ikkje klarer å drifte tilbodet i Seljord lenger og at me må ha dei rette prosessane rundt våre tilsette for å sikre dei jobb vidare i sjukehuset, sa Halvorsen til Varden då.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP