I april byrjar den fyrste kvinna ved nettdrift i Vest-Telemark kraftlag i Høydalsmo når Elin Seltveit frå Dalen startar som energiingeniør.

Har vanskar med å rekruttere fagkompetanse

Vest-Telemark kraftlag treng kvalifisert personell, men må lyse ut IKT-stillinga på nytt for å få tak i nokon med rett kompetanse.

Vest-Telemark kraflag (VTK) lyste ut stillinga som ansvarleg for IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi) med søknadsfrist fredag 21. mars. 
– Stillinga er svært sentral for modernisering, effektivisering og utvikling av VTK, stod det å lesa i lysingsteksten. 

No viser det seg at ingen av søkjarane kom krava og behova til kraftlaget i møte, og arbeidsgjevaren kjem difor til å lyse ut stillinga på nytt. Det opplyser konsernsjef Svenn-Erik Rafoss.

– Det er viktig for VTK at me greier å rekruttere fagkompetanse, men det er vanskeleg å få tak i kvalifisert personell, seier han.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS