Stekkjen: Defekt elektrisk utstyr ved sendaren på Stekkjen i Vinje er årsaka til dekningsproblema. Telenor må flyge inn dei naudsynte delane med helikopter.
Aslak Ringhus
Har vore utan mobilnett sidan 1. joledag. Fekk beskjed om at problemet ikkje blir løyst før på nyåret.
Sidan fyrste joledag har det vore store problem med mobilnettet for innbyggjarane i store delar av Smørklepp, Vinjeflaten og Bøgrend på grunn av problem med sendaren på Stekkjen.
Innbyggjarane fekk fyrst beskjed av Telenor at dei kunne måtte vente til måndag før dekninga kom tilbake, men dekningsdirektør Bjørn Amundsen seier dei no vonar å fikse problemet innan nyttårseftan.
– Her er det veldig ustabilt, det er nokre område ein har noko dekning, men om eg til dømes går ut på tunet er det heilt daudt, seier Åsmund Kroken på fasttelefon frå Smørklepp.
– Med tanke på områda som er råka, trur me det kan vera problem med sendaren på Stekkjen. Den dekkjer områda mot Bøgrend og Grungebru, held Kroken fram.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP