Tok imot: Etterkomarane tok imot medaljane. Frå venstre: Einar og Kåre Hovden (sønene til Olav Hovden), Knut og Margit Nilsen (son og ektefelle til Kåre Nilsen), Anders og Ingebjørg Råmunddal (son og ektefelle til Gunnar T. Råmunddal), Tom Erik Heiberg Martinsen og Venke Heiberg (barnebarn og dotter til Hilmar Heiberg), Ingebjørg A. Ringhus (ektefellen til Ånond Ringhus). Til høgre: Olav Aalandslid frå Heimevernet.
Torleiv Berdal
Heidra vesttelar i Tysklandsbrigaden på frigjeringsdagen
På mønstringa på Vinjehuset var det full sal, utdeling av medaljar – og føredrag av generalløytnant Robert Mood.
Opninga var av Heimevernet i Vest-Telemark ved Olav Aalandslid som helsa dei frammøtte velkomen før han leia programmet. Fyrste talar var Vinjes ordførar Jon Rikard Kleven. Han roste blant anna arbeidet som Olav Aalandslid gjer for å heidre krigsveteranar i Vest-Telemark.
– Frigjeringsdagen 8. mai er ein dag for å takke krigsveteranane. Dei fortener å bli sett for den innsatsen dei har gjort. Me i Vinje kommune er glade for å ha ein veteranplan, der me prøvar å få til ein møteplass i kommunen for desse. Noko me har lært dei siste åra er at krig kjem fort, difor må me ha forsvarsevne og vilje i dagens urolege verd. Nokon har sagt at for å få fred må ein ha forsvarsvilje, avslutta Kleven innleiinga på programmet.
Å bygge opp eit forsvar
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP