På sparebluss: Det har ikkje vore høve til kontroll med lege på helsestasjonen i Rauland i år. Det betyr at alle foreldre for tida må reise til Åmot på dei fem kontrollane som krev lege. Dette er når barnet er seks veker, seks månadar, eitt år, to år og seks år.

Helsestasjonen har vore på sparebluss sidan januar. – Når vil den opne att?

– Kvar blir det av helsestasjonen i Rauland? spør Irja Godal (Bygdelista) i ein interpellasjon til kommunestyret 19. november.

Publisert Sist oppdatert

I løpet av dei to fyrste leveåra skal eit barn innom helsestasjonen på kontroll heile tolv gonger. Helsesjukepleiar er til stades kvar gong, men på fire av kontrollane skal det også vere lege med. I tillegg skal også seksåringane på ein kontroll i samband med skulestart der lege skal vere med.

Men heilt sidan januar har helsestasjonstilbodet som krev lege berre vore tilgjengeleg i Åmot. I fyrste omgang var det varsla at ordninga skulle vare fram til sommaren, men situasjonen er framleis uendra. Helsesjef Kari Dalen forklarar til VTB at grunnen er den samla ressurssituasjonen i tenestene.

Kva er planane vidare med tanke på helsestasjonstilbodet i dei ulike bygdene i kommunen?

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS