Knallvêr: Dette biletet er frå det førre Helterennet, ein strålande marslaurdag i 2023

Helterennet er i gang att

I fjor mangla dei rennleiar og måtte avlyse, men i år er det tradisjonsrike Helterennet på Rauland attende.

Publisert Sist oppdatert

Den 8. mars er det for trettande gong klart for Helterennet på Rauland, strategisk plassert med Vasaloppet helga før og Birkebeinerrennet helga etter. Det kunne ha vore det fjortande rennet i år, men i fjor vart arrangementet avlyst.

Helterennet vert drive av eit eige firma som er eigd av IL Dyre Vaa, og dei tolv fyrste renna var Aud Irene Kittelsen tilsett som rennleiar. Då ho gav seg etter rennet i 2023 fann dei ingen arvtakar, og det førte til at fjorårets Helterenn ikkje vart noko av.

Nå har leiar i IL Dyre Vaa Ingar Bjørnø teke på seg rennleiarjobben sjølv.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS