Dårleg vêr: Ein fransk skiløpar fekk trøbbel på Haukelifjell onsdagskveld. Politi og Vinje og Haukeli Røde Kors rykka ut.

Her blir skiløparen redda ned frå fjellet

Onsdagskveld rykka politi og dei frivillige i Vinje og Haukeli Røde Kors ut. Ein fransk skiløpar hadde fått trøbbel mellom Haukeliseter og Hellevatn på Haukelifjell.

Publisert Sist oppdatert

– Det var litt vind, men det var litt rolegare då me kom og hadde nok blåse kraftigare tidlegare på dagen. Han var ikkje skada, men kald og redd, fortel administrativ leiar i Vinje og Haukeli Røde Kors, Ånund Vaa.

Då redningsmannskapet kom låg den franske skiløparen i teltet, bardunane som teltet var festa med hadde fyke av garde, det same hadde ski og stavar som han også hadde nytta til å halde teltet på plass.

– Då me kom låg han inntulla i teltet, og teltet byrja å fylle seg med snø, seier Vaa.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS