Same tunet: I dette området på Tveit øvre var det bygningar som brann i 1992. Nissedal formannskap har gjeve grunneigaren løyve til frådeling av tomt for at det kan bli bygd hus der.
Privat
Her har det vore hus frå 1600-talet til brannen i 1992. Nå har politikarane gjeve grønt lys for bygging att
Kommunedirektøren meinte det minna meir om eit småbruk, men formannskapet i Nissedal godkjente søknaden frå grunneigar Halvor Grimstvedt om å dele frå ei tomt på totalt ni dekar på Tveit øvre.
Etter synfaring og heilskapleg vurdering har eit samrøystes Nissedal formannskap gjeve Halvor Grimstvedt samtykke til å omdisponere inntil to dekar innmarksbeite til bustadtomt på Tveit øvre ikkje langt unna Bakka der han bur. Vidare godkjenner politikarane frådeling av ni dekar tomt inkludert ovannemnde to dekar, det vil då seie at sju dekar framleis skal vere innmarksbeite.
Omdisponering og frådeling føreset at det blir gjeve dispensasjon frå gjeldande arealføremål (landbruk-, natur- og friluftsområde, LNF) i kommuneplanens arealdel i eiga sak for oppføring av heilårsbustad.
Vidare har formannskapet sett krav til Grimstvedt om kompenserande tiltak for tapet av dyrka mark: Inntil to dekar innmarksbeite som er omdisponert, skal bli kompensert med inntil fire mål med opparbeidd jordbruksareal på eigedomen til grunneigaren.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP