Skisse: Slik kan det bli på Sinnesodden. Her frå detaljreguleringsplanen utforma for Vest Telemark Entreprenør AS av Sweco.
Sweco
Her kan det bli 64 bustad- og hyttetomter
Vest Telemark Entreprenør AS ved Johan Angre ynskjer å leggje til rette for auka busetjing nær Seljord sentrum, og har nå detaljreguleringsplanen for Sinnesodden klar. På området er det planar om totalt 64 bustadar og hytter.
På vegner av Vest Telemark Entreprenør AS ved Johan Angre fremjar Sweco AS eit forslag til reguleringsplan for delar av Sinnesodden i Seljord, og ny tilkomstveg frå fylkesveg 3328. Sinnesodden ligg om lag 2,5 kilometer frå Seljord sentrum mot Garvikstrondi.
I planen kan ein lese at det er ynske om å legge til rette for 39 etablerte heilårsbueiningar, 7 utan detaljering og om lag 18 fritidsbueiningar med tilhøyrande infrastruktur på Sinnesodden. Området grensar mot fylkesvegen i sør og Seljordsvatnet i nord.
I dag er det 14 bustadar og 8 fritidsbustadar på Sinnesodden. I tillegg er dei ubygde delane av odden hovudsakleg skog, kan ein lese i planen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP