Her prøvar biltjuven å stikke av på rullebrett etter ulykka
Men mannen i 40-åra kom ikkje langt før han vart henta inn av politiet. Han er mistenkt for ruskøyring.
Politiet meldte frå om ulukka, der to bilar var involvert, på X sundag føremiddag. Ulukka skjedde på E134 ved Ramskeid nær kommunegrensa mellom Seljord og Kviteseid.
Ein av bilane var stolne, og det var denne bilen som skal ha kome over i motgåande køyrefelt. Føraren av den stolne bilen, ein mann i 40-åra, reiste frå staden, men vart raskt henta inn att av politiet. Ifylgje ein video VTB har fått av ein tipsar, bruka mannen eit rullebrett som rømmingskøyretøy. Mannen vart teken med for blodprøve, og politiet mistenker ruskøyring.
To andre personar som var passasjerar i den stolne bilen vart frakta til legevakt for sjekk.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP