Nå er det ungdom frå 16-25 år som kan bestille seg billig taxi heim frå fest, arrangement og aktivitetar.
Åshild Emma Solbjør
Hevar aldersgrensa på «heim for ein 50-lapp»
Skyssordninga «heim for ein 50-lapp» har særleg blitt brukt av ungdom som skal heim frå fritidsklubb. Det blir det mindre av no.
Tysdag handsama oppvekst- og velferdsutvalet (OVU) saka om «heim for ein 50-lapp». Dei vedtok samrøystes kommunedirektørens framlegg om å setje i verk tiltak slik at ordninga verkar som den var tenkt:
«Eit
tiltak som skal dekkje opp for manglande kollektivtilbod i kommunen slik at ungdom kan kome seg
heim frå aktivitetar og arrangement til ein rimeleg pris, og som skal verke førebyggjande mot
ruskøyring.»
I tillegg føreslo OVU-leiar Kari Omdal Tveito (SV) at ordninga skal gjelde aldersgruppa 16-25 år. Fram til nå har den vore for 13-25 år. Forslaget til Tveito vart vedtatt med 6 mot 1 røyst. Dermed vil ikkje lenger elevar i 8. og 9. klasse kunne nytte taxiskyssen heim frå ungdomsklubb, som har vore det ordninga har blitt mest nytta til dei fyrste to månadane av 2025.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP