Hilde Alice Vågslid i Kviteseid 1 mai: – Viktig å kjenne seg trygg i ei usikker tid

Kviteseid Arbeidarparti si 1.mai-markering opna med songen «Eg heiter Ola Tveiten» og vart avslutta med «I natt eg drøymde».

Leiar i Kviteseid Arbeidarparti Solveig Nekstad Grave (til venstre) saman med Hilde Alice Vågslid.

Dette oppsummerte på mange vis også det som var sentralt i Hilde Alice Vågslid sin tale. Fylkespolitikaren frå Tokke meinte det er viktig å hugse historien og dei mange kampane som gjer at vi i dag har sikra grunnleggande rettar til alle som bur i landet. Trass i dette er det mange som no opplever ein tøffare kvardag med økonomiske bekymringar. Då er det særs viktig med trygg styring.

– Vi lever i ei meir utrygg tid. Hilde Alice Vågslid brukte mykje tid på å snakke om krigen Ukraina som dessverre ser ut til vare lenge og ikkje minst den brutale bombinga av Gaza.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kviteseidhallen var også i år ramma for 1.maimarkeringa. Finvêret gjorde at leiaren i Kviteseid Arbeidarparti Solveig Nekstad Grave kunne by på nygrilla kotelettar med mykje godt attåt. Deretter var det særs gode Bjørg Nekstad-kaker og ein utfordrande kviss der Bjørn Håvard Olsen hadde med mange lokale spørsmål.

Meldar