Fuktig utsikt: Den høge vassføringa gav moglegheit for å kombinere lunsj og fotbad fredag ettermiddag.
Cecilie Ausland
Høg vasstand i kanalen – har innstilt båtavgangar heile helga
Telemarkskanalen har innstilt alle avgangar denne helga, som fylgje av den høge vassføringa i kanalen.
Mykje nedbør og snøsmelting er årsaken til den høge vassføringa i kanalen, og Telemarkskanalen innstilte også alle avgangane torsdag og fredag denne veka. Fredag ettermiddag meldte dei at det framleis var høg vassføring, og innstilte helgeavgangane også.
– Damanlegga slepp inn så mykje vatn dei kan, utan å gjere skade på eigedomar langs kanalen, opplyser dei.
Telemarkskanalen skriv vidare at dei håpar å ha MS Victoria og MS Henrik Ibsen i drift att frå måndag 3. juni.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP