Normalt er det ikkje nødvendig med legebehandling etter eit hoggormbit. Når nokon ringjer Giftinformasjonen, blir det gjort ei fortløpande vurdering av ein såkalla risikopasient, som normalt til dømes er barn, eldre eller gravide.Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Hoggormen har bite mange så langt i sommar

Fleire enn vanleg har fått hoggormbit i juli. Det er uklart kva som er årsaka, opplyser Giftinformasjonen som har registrert 142 hendingar denne månaden.

Publisert

Allereie før juli er over er det registrert fleire førespurnader enn i førre toppår som var 2018, skriv Dagbladet. Då vart 137 bit i heile juli. I 2020 vart det registrert 125 førespurnader i juli, medan det i 2019 vart registrert 117.

– Det er oppsiktsvekkjande, seier avdelingsdirektør Mari Tosterud, avdelingsdirektør ved Giftinformasjonen, til Dagbladet.

Også i juni vart det registrert fleire bitne med 173 i år mot 137 i fjor. Så langt i år er det totalt registrert 421 hoggormbit. Det er normalt i august at det blir registrert mest bit.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS