Mange nordmenn vil i år også bruka hyttene sine på fjellet om sommaren. Her frå Hemsedal.Foto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK

Hyttefolk reddar sommaren for fjelldestinasjonane

Populære fjelldestinasjonar gler seg over at fleire nordmenn i år ser ut til å bruka hyttene sine på fjellet også om sommaren.

– Me ser ein veldig stor auke i hyttefolk som brukar hyttene sine no på sommaren, enn det me vanlegvis gjer, seier Anders Hauge i Visit Geilo til NRK.

Ifylgje kanalen er folketalet i Hallingdal no nær tredobla.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Hauge er det godt nytt etter ei krevjande tid for reiselivsnæringa i den populære reiselivsdestinasjonen.

Tendensen er den same for fleire andre populære fjellreisemål. Også i Hemsedal og i Rauland i Telemark er det fleire hyttefolk i fjellet enn vanleg.

– Det er ein veldig pågang, seier Geir Midtbø ved turistkontoret i Rauland. Han fortel om fulle parkeringsplassar og butikkar i fjelldestinasjonen frå morgon til kveld.

(©NPK)