Mindretal: Tjodvor Margrete Haugen (Sp) fekk ikkje fleirtalet i Nissedal kommunestyre med på at det må kome ny naturkartlegging før planen for Nordstøyl hyttegrend kan bli godkjent.

Hyttegrend slepp ny naturkartlegging

Då Nissedal kommunestyre handsama reguleringsplanen for Nordstøyl hyttegrend på Kyrkjebygdheia, fekk Sp og KrF nei til at det fyrst skal bli gjort ny type naturkartlegging.

Dette ynskte Tjodvor Margrete Haugen (Sp) då saka var oppe i formannskapet, men fekk ingen av dei fire andre medlemene med seg.

I kommunestyret kom Haugen med framlegget igjen. Ho byrja innlegget sitt med at i løpet av høyringsperioden om planen hadde det kome innspel som fekk henne til å tenke på det med naturmangfald.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen har valt å svare med å vise til undersøkingar som blei lagt til grunn ved rulleringa av kommunedelplanen for Kyrkjebygdheia i 2016-2017. Fylkesmannen stilte seg den gongen tvilande til kvaliteten på kartlegginga, og tilrådde derfor at det blei utført nye kartleggingar. Fylkesmannen meinte det var mykje sannsynleg at der var det slåttemyrar og raudlista artar, sa Haugen.

Slik ho har forstått det blei det ikkje gjort ny kartlegging.

– Kartlegginga som er lagt til grunn i kommunedelplanen er å finne heilt tilbake til 2007. Oppsummert seier den at her er det ikkje område av særleg verdi. Eg synest me bør sjå nærare på området, og håper kommunestyret vil vurdere eit krav om ny undersøking, sa Haugen.

– Må vere flinkare

Ian Parry-Jones (Sp) var fullstendig einig med Haugen, og sa ein kan ikkje basere seg på 14 år gamle rapportar.

– Me må vere flinkare og krevje at når det blir lagt ut reguleringsplan på høyring i framtida, skal naturtypekartlegging vere av nyare dato, sa han.

Kristin Parkinson Vågen (Ap) viste til at Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) i saka nå ikkje finn grunnlag for å krevje at det blir utført ny type naturkartlegging.

– Då ynskjer eg å stø det, sa ho om å fylgje Statsforvaltaren.

Haugen fekk røystene frå Sp og KrF om å ha ny type naturkartlegging, men det gjekk ikkje posisjonen Ap og Høgre med på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange nye tomter

Forslaget til detaljreguleringsplan inneheld 31 eksisterande hytter/tomter der alle er/blir frikjøpte som sjølveigartomter med tomteavgrensingar i samsvar med planforslaget.

Planforslaget inneheld i tillegg 75 nye sjølveigartomter for frittliggande fritidsbustader, der nokre er fortettingstomter mellom eksisterande hytter, medan mesteparten er tomter plassert i høgdelaget over eksisterande utbygging. Det er planlagt bilveg fram til kvar tomt, også til eksisterande hytter, og vass- og avløpsnett for høg sanitærteknisk standard, det vil seie innlagt vatn og avløp til felles løysing for alle hyttene. Eksisterande vegar vil bli nytta og forlenga, blir det opplyst i saksutgreiinga.