Framlegget er klart: Kommunedirektør Beate Våge Lia sende denne veka ut framlegget til budsjett og økonomiplan. Solveig Sundbø Abrahamsen (i bakgrunnen) og dei andre politikarane vedtek budsjettet i møtet 12. desember.
Øystein Øygarden
I 2040 er det nesten dobbelt så mange over 80 år i kommunen. – Må bruke neste år til å finne ei løysing
Nes-utbygginga i Seljord til nesten 200 millionar kroner er ikkje med i kommunedirektøren sitt framlegg til økonomiplan for dei neste fire åra.
– Ei fagleg forsvarleg eldreomsorg føreset investeringar og ei vesentleg auke i driftskostnadane. Det er ikkje mogleg å få denne auken inn i budsjett og økonomiplan slik det ligg per i dag, skriv kommunedirektør Beate Våge Lia om situasjonen i Seljord kommune.
For to veker sidan fekk kommunestyret ein ganske stor smakebit av budsjettarbeidet til administrasjonen i Seljord kommune. Måndag sende Beate Våge Lia ut det endelege framlegget til budsjett og økonomiplan 2025–2028. Blant det kommunedirektøren ikkje har funne plass til er utbygginga på Nes – prosjektet som har stått sentralt i å løyse den største utfordringa i kommunen i tida framover, nemleg den markante auken i talet på eldre.
Det betyr ikkje at prosjektet er føreslege skrinlagt. Kommunedirektøren er klar på at politikarar og administrasjon i løpet av 2025 må arbeide fram «ei løysing for dimensjonering av investering og drift og korleis finansieringa kan skje».
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP