Nå opnar Ravnejuvsvingen. I mål nesten fire veker før tida
Klokka 15.00 i dag blir Ravnejuvsvingen på fylkesveg 450 opna for fri ferdsel.
– Prosjektet har gått over all forventning. Samarbeidet med entreprenøren har gått veldig fint, og vi er veldig nøgde med å vere i mål nesten fire veker før tida, seier byggjeleiar Morten Øverbø i ei pressemelding.
Prosjektleiar Vetle Fuglesteg hos Sør Entreprenør er av same oppfatning.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi har hatt god framdrift i prosjektet, og dialogen mellom oss og fylkeskommunen har gått knirkefritt, seier han.
No står att det berre noko mindre arbeid, som vil bli gjort i november. Då vil vegen bli lysregulert i éin dag.
Erstattar gammal mur
Vegen vart stengd i september 2022 etter at det vart oppdaga setningsskadar i Ravnejuvsvingen. For å hindre at vegbanen skulle rase ut vart det bestemt at den meir enn hundre år gamle steinmuren i svingen måtte erstattast med ein ny.
For å få til dette vart vegen flytta nokre meter lengre inn i terrenget, og ein ny mur bygd opp på innsida av den gamle. Prosjektet har ein prislapp på i overkant av 20 millionar kroner, melder fylkeskommunen.