Ida og Luna: Ida Lundeberg frå Dalane jobbar som dyrlegeassisternt, og har utdanna seg som hundefrisør. Her saman med hunden sin, Luna. – Eg håpar mange har lyst til å kome til meg for å stelle pelsen på hunden sin, eg vil gjerne jobbe mykje med dette, smiler Lundeberg.

Ida vil frisere hundar i Vest-Telemark

Nokre hunderasar må ein barbere, andre formklippe og nokre må bli nappa pelsen av. Nå har Ida Lundeberg gjennomført hundefrisørkurs og tar imot firbeinte kundar på klinikken i Rauland.

Publisert

Dyrlegeassistent Ida Lofthus Lundeberg (24) frå Dalane i Kviteseid har tidlegare jobba på ridesenteret i Rauland før ho starta på utdanning for å assistere veterinærane.

– Eg kjenner meg så heldig sidan eg fekk jobb ved Seljord veterinærkontor. Eg jobbar to dagar i veka på klinikken som kontoret har i Rauland og ein dag i Seljord, fortel Lundeberg medan den selskapssjuke tolleren Luna tevlar om å få merksemda hennar.

Ei vanleg oppgåve som Ida har på arbeid er å assistere under operasjonar, men ho har også fått spørsmål om klipp og pelsstell på kjæledyra til vesttelane som er innom klinikken.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS