Ikkje imponert: Vetle Frantzen er klar på at eingongsutbetalinga på 5000 kroner ikkje er nok for å bøte på dei høge prisane. – Dette vitnar om at politikarane ikkje fylgjer med på debatten ute blant innbyggjarane, seier han.
Randi Berdal Hagen
Ikkje alle er fornøgde med kommunens straumbidrag: – Det er som å pisse i buksa når det er kaldt
Kommunestyret i Vinje vedtok torsdag å kompensere innbyggjarane for dei høge straumprisane. – Det er som å pisse i buksa når det er kaldt. Det er godt med ein gong, men det går fort over, seier Vetle Frantzen i Øyfjell.
Det var i samband med budsjettet for 2022 at politikarane torsdag vedtok at kvar private husstand i kommunen ville få 5 000 kroner kvar, for å bøte på dei høge straumprisane ein har sett i haust.
– Dette vitnar om at dei ikkje lyttar til debatten ute blant innbyggjarane. Det blir som å pisse i buksa når det er kaldt, det er godt med ein gong, men det går fort over, seier Frantzen.
Han er blant fleire innbyggjarar som den siste tida har engasjert seg i straumprisdebatten.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP