Blant dei som treng det mest: Skisenter er verksemder kommunen ser at treng hjelp, og då særleg i samband med snoproduksjon.

Ikkje tid til å vente på staten – 13,5 millionar i straumstønad til næringslivet i Vinje

Torsdag bestemte Vinje kommunestyre å bruke 13,5 millionar kroner for å hjelpe det lokale næringslivet med straumrekningane fram mot jol.

Publisert Sist oppdatert

Ordninga gjeld inntil statlege ordningar eventuelt tek over. Kommunen er særleg bekymra for næringsmiddelverksemder, daglegvarebutikkar, hotell, reiseliv og snoproduksjonen i alpinsentera, og ønskjer at pengane skal gå til dei som treng det mest.

Dei som i mindre grad treng straumstønad er dei som har hatt høve til å velte straumkostnadane over på auka pris.

– Dersom verksemder har dekt inn kostnaden allereie, bør kanskje ikkje slike verksemder få lik stønad i høve til verksemder som ikkje har, eller har hatt, denne moglegheita, skriv rådmannen i si vurdering.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS