Ikkje friskmeldt: Ingen av reinsdyrprøvene etter haustens jakt på Hardangervidda viste skrantesjuke. Mattilsynet trur det framleis kan vere tre–fire smitta rein i området.
Geir Ufs
Ingen skrantesjuke blant 402 reinsdyrprøver, men frikjenner ikkje bestanden for sjuken
Sjølv om ingen av dei undersøkte reinsdyra på Hardangervidda i haust var smitta av skrantesjuke (CWD), meiner Mattilsynet at det er sjuke rein i området. Dette kjem fram i ei sak frå NRK.
Fellingskvoten på Hardangervidda i haust var på 4000 dyr – jegerane kunne bare skyte vaksen bukk 2,5 år eller eldre.
Oppteljinga etter jakta viser at det blei felt 416 rein. Mattilsynet undersøkte prøver frå 402 av dyra, men ingen hadde skrantesjuke. Det gjer likevel ikkje til at Mattilsynet slår fast at det ikkje lenger er skrantesjuke blant reinen på vidda.
Hausten 2020 kom det fyrste tilfellet av skrantesjuke på vidda – det galdt ein reinsdyrbukk.Tilfelle nummer to var på ei simle i oktober 2022. Båe reinsdyra blei skotne i Vinje kommune, og var om lag åtte år gamle, opplyser NRK.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP