Ikkje i storvasken: Kommunestyret bestemte i mai at KDP Rukkemo-Torvetjønn skulle med i planvasken, noko som var mot administrasjonen si innstilling. I avklaringssaka som no vert lagt fram skriv administrasjonen at planvask av denne kommunedelplanen må vente til våren med å koma i gang, og at det må løyvast eigne pengar til denne vasken.

Ingen vask av Rukkemo-Torvetjønn-planen før til våren – og berre viss politikarane løyver pengar til det

Vinje kommune har fått 400 000 kroner frå Miljødirektoratet til planvask i år, og i mai bestemte kommunestyret – mot administrasjonen si innstilling – at også KDP Rukkemo-Torvetjønn skal vere med i vasken. Men denne må vente og få løyvd sine eigne vaskepengar, meiner administrasjonen.

Publisert Sist oppdatert

Administrasjonen held fast ved at pengane dei fekk frå Miljødirektoratet skal nyttast til planvask i planar som skal rullerast, altså kommuneplanens arealdel og kommunedelplanane for Åmot og Rauland.

Dei føreslår vidare at ein startar ein prosess knytt til planvask i Rukkemo-Torvetjønn våren 2025, med atterhald om at det blir løyvd pengar til dette. For ifølgje kommunedirektøren må arbeidet med planvask av reguleringsplanar innafor KDP Rukkemo-Torvetjønn ut på anbod, og det må løyvast pengar til dette i budsjettet.

Planvask av KDP Vågslid og KDP Edland/Haukeli vert skuva endå lenger inn i framtida, og ifølgje saksutgreiinga vil ein «koma attende til vidare framdrift for desse på eit seinare tidspunkt».

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS