Litt lettare: Ungdomsklubben i Åmot (oppe t.v.) er i oppstartsfasen i dei gamle lokala til Vinjebue, medan raulandsklubben (oppe t.h.) held til i dei gamle lokala til fjellkafeen rett ved skulen. Dølten ungdomsklubb på Haukeli heldt lenge til på ungdomshuset Fjellvang, men flytta i år inn i nye lokale i Haukelitunet. Klubbane får dekt husleige og straum, og har i tillegg fått eit årleg driftstilskott etter søknad. Med innføring av fast tilskott slepp dei frivillige som driftar ungdomsklubbane å søke om driftstilskottet.

Innfører fast tilskott til ungdomsklubbane

Til no har ungdomsklubbane i Vinje levert søknadar kvart år for å få driftstilskott på 20 000 kroner frå kommunen. Det slepp dei i framtida.

Publisert Sist oppdatert

– Det er unødvendig å belaste dei frivillige med dette søknadsarbeidet, derfor føreslår me at dei heller får dette som fast tilskott, sa leiar for kultur og fritid i Vinje, Kristian Rantala til oppvekst- og velferdsutvalet (OVU).

– Det er bra med tilskott; det er føreseieleg. Mange gjer frivillig arbeid, og denne endringa kan gje dei ro på seg, sa OVU-leiar Kari Omdal Tveito (SV), som ellers stilte spørsmål ved om 20 000 kroner var nok.

Rantala svarte at klubbane også har moglegheit til å søke om andre midlar, til dømes til arrangement, og at det er låg terskel for å få dette både frå kommunen og utanfrå.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS