Lovsong: Arvid og Ragnhild Pettersen vil koma med musikalske bidrag på konferansen og vil også halde konsert på Lårdal brygge. Foto: privat
Inspirasjonskonferanse i Lårdal
I meir enn tretti år har «kvinner i nettverk» stått på for å skape møteplassar og konferansar for kvinner der målet er å møtast for å dele kristen tru og å glede og inspirere kvinner og jenter rundt om i landet vårt. Nå skipar dei til konferanse i Lårdal.
– Komande helg har «kvinner i nettverk» slått på stortromma for Øvre Telemark og lagar ein forrykande konferanse på brygga i Lårdal frå fredag til sundag der alle er hjarteleg velkomne, både kvinner, menn og barn, melder Ruth Kvålo Dalen på vegner av kvinnenettverket.
Dei har fått lovsangaren Arvid Pettersen og kona Ragnhild til å ta turen, og i tillegg kjem Marita Overi Tornes frå Grimstad og Marcus Holm frå Danmark.
Tornes er forkynner og misjonær og er også grunnleggjaren av Eagles' Ministry.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP