Følger naboens eksempel: Tokke kommune har alt auka tilskottet til kaup av mjølkekvote til fire kroner, pluss ei ekstra krone viss ein kjøper kvote internt i kommunen. Nå gjer Vinje det same grepet. På biletet er ei av mjølkekyrne til bonde Mari Grønlid i Tokke.

Inspirert av naboen – doblar tilskotet til kaup av mjølkekvote

Fire av sju utvalsmedlemar var ugilde då saka om tilskott til landbruket kom på bordet til plan- og miljøutvalet i Vinje, men i sist møte fekk dei handsama saka.

I førre møte måtte saka utsetjast på grunn av lågt oppmøte, fleire ugilde bondemedlemar og ingen vara på plass. Denne gongen var utvalet framleis tre utanom dei ugilde, og i tillegg møtte ein vara opp for Kjetil Nessæther (Sp). Dermed kunne tilskottsordningane handsamast.

Bønder kan søke Vinje kommune om tilskott til ei rekke ulike tiltak, og administrasjonen meinte to av desse nå er mogne for endring.

Den eine er ordninga for støtte til kaup av mjølkekvote, som var på 50 prosent av statleg takst, noko som gjev eit tilskott på 2 kroner per liter. Administrasjonen føreslo å auke dette tilskottet til 100 prosent av statens literpris, altså 4 kroner per liter – og ei ekstra krone viss ein kjøper kvote internt i Vinje. Inspirasjonen til auken er henta frå Tokke, som alt har innført tilsvarande tilskott til kvotekaup.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS