Vandring: I september er pårørande inviterte til vandring over Haukelifjell.

Inviterer igjen til vandring over Haukelifjell for etterlatne etter sjølvmord. – Mange tonn med sorg

Prostidiakon Eilev Erikstein seier det berre er tre ledige plassar på vandringa over Haukelifjell i september.

Statistikk viser at 693 menneske tok livet sitt i Noreg i fjor.

– Om ein reknar med at kvar av desse har fire-fem nære pårørande blir det mange tonn med sorg. Telemark ligg diverre høgt på sjølvmordstastikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier prostidiakon Eilev Erikstein.

Det er ulikt kva som hjelper mot sorg, men mange nemner turar og frisk luft. Det er bakgrunnen for prosjektet Vandring for Forandring. Sidan 2012 har det vore ei årleg vandring på pilegrimsvegen over Haukelifjell til Røldal. For nokre år sidan prøvde ein ut ei vandring berre for menn. Men det har vore litt ymse med påmelding. Arrangørane (prostidiakonen, RVTS Sør, LEVE, i samarbeid med Agder og Telemark bispedøme) har vurdert om ein igjen skal opne for begge kjønn. Men fagfeltet meiner at ein bør halde på ei vandring berre for menn, opplyser Erikstein.

– Det handlar om at menn i mindre grad oppsøker hjelpetilbod som vanlege sorggrupper. Statistikken syner at 70 prosent at dei som tek livet sitt er menn, og det å få snakke saman kan hindre nye sjølvmord, seier han.

Årets påmelding til Vandring For Forandring syner god påmelding. No er det berre tre ledig plassar at til Vandring For Forandring 7.–8. september 2024, informerer prostidiakonen.

Vel framme i Røldal vil ein også markere Verdsdagen for Sjølvmordsførebygging som er 10. september.