Inviterer til konsert til inntekt for Ukraina: – Håpar folk kan føle dei gjer noko

Kyrkjene i Vinje og Tokke inviterer til konsertar fyrstkomande helg, til inntekt for Ukraina.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ein heilt forferdeleg situasjon. Å køyre ein slik maskin inn i eit anna land og angripe. Det er ikkje til å tru, seier sokneprest i Vinje, Tor Eivind Erikstein, om Russland sin invasjon av Ukraina.

Saman med kyrkja i Tokke inviterer kyrkja i Vinje til konsert med innsamling til Kirkens Naudhjelp sitt arbeid i Ukraina. Konserten i Vinje kyrkje går av stabelen fyrstkomande fredag, 4. mars, medan det dagen etter blir konsert i Tokke kulturhus.

– Eg trur mange no kjenner på uro. Med dette håpar me folk kan vera med og føle at dei gjer noko, seier soknepresten.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS