Lodda stemninga: Irja Godal (Bygdelista) brukte sosiale medium for å få fram fleire meiningar om namnevalet på tettstaden kring vegkrysset ved skulen i Rauland. Det skapte stort engasjement.
Åshild Emma Solbjør
Irja spurde innbyggjarane om kva dei kallar sentrum. Svaret overraska dei andre politikarane. – Ein godt skjult hemmelegheit
– Eg har aldri høyrt noko anna enn Krysset. Byfolk skal til Krossen og handle, men Krossen er for meg eit framandord, sa Irja Godal (Bygdelista) då namnesaka i Rauland sentrum var på bordet til plan- og miljøutvalet førre onsdag.
Forslaget frå kommunedirektøren var å velje «Rauland» som namn på bygda, «Rauland» som namn på tettstaden, og «Krossen» som namn på del av tettstad.
Sjølv har Godal alltid kalla tettstaden for «Krysset», og sidan berre tre personar hadde sendt inn meiningane sine då namnesaka låg ute på høyring la ho like godt ei melding ut på Facebook for å høyre kva folk flest meinte.
Det skapte stort engasjement. Over åtti personar ytra seg om namnevalet, og Godal såg eit tydeleg mønster når det gjaldt «Krysset» og «Krossen». For med eitt eller to unntak meinte alle innfødde raulendingar det heiter «Krysset», medan innflyttarar og folk som bur i bygdene rundt meinte det rette namnet var enten «Krossen» eller Rauland sentrum.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP