Blei overraska: Jan Gunnar blei overraska som ein av vekas vinnarar i postkodelotteriet.

Jan Gunnar skulle hente ved - vann 92 425 kroner

Jan Gunnar frå Vrådal sat i bilen då han fekk ein videosamtale utanom det vanlege. Under bilturen fekk han vite at han var 92 425 kroner rikare.

Publisert Sist oppdatert

Jan Gunnar skulle hente ved til barna, og sat i bilen på veg til Kviteseid, då Postkodelotteriets ambassadør Jorun Stiansen ringte han på ein videosamtale.

På mobilskjermen fekk han sjå Stiansen stå klar med ein gullkonvolutt som inneheldt ein sjekk med eit ukjent beløp. Jan Gunnar er ein av vinnarane i postnummer 3853 Vrådal, som denne veka deler Postkodelotteriets vekegevinst på 350 000 kroner.

Postkodelotteriet melder i eit presseskriv at Stiansen spurde om det var noko vinnaren drøymde om å bruke pengane til, før han visste kva sum han hadde vunne.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS