Koronasertifikat: Jaques Booij syner seniorane ein introduksjonsvideo for korleis ein lastar ned koronasertifikat på mobiltelefonen. Dette var dagens tema denne torsdagen.

Jaques (68) digitaliserer Tokke-seniorane

Om lag 600 000 eldre i Noreg kan ikkje bruke data utan hjelp. Tokke Seniornett gjer noko med dette og har datahjelp for eldre kvar torsdag på Tokke frivilligsentral.

Publisert Sist oppdatert

– Kvar skal dei eldre lære seg digitale kunnskapar? Alt går på nettet i dag, og seniorane har mange gonger problem med å hugse alle kodane og passorda ein skal kunne for å bruket nettet. Brukarane av tilbodet me har, er veldig fornøgde. Vidare er det ein del som ringer Seniornett sentralt og får hjelp på den måten, seier initiativtakar Jaques Booij.

Tilbodet er gratis og ope for alle. Tokke seniornett har fått ein del midlar av ulike aktørar som har gått mykje til utstyr. Datahjelpa på Dalen har eksistert sidan 2007 og ein håpar ein gong å få opprette eit servicekontor her.

Booij er frå Brussel, men kom til Tokke i vaksen alder og har bakgrunn frå industrien som dreiar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS