Skisamling: Langrennstalentet Johannes Lønnestad Flaaten (i midten), frå Seljord, synest øktene leia av landslagsløparane Helene Marie Fossesholm og Johannes Høsflot Klæbo var lærerike.

Johannes fekk tips av Johannes

Johannes Lønnestad Flaten (19) var førre veke med på Equinor si juniorsamling, der han mellom anna fekk råd av landslagsløparane Johannes Høsflot Klæbo og Helene Marie Fossesholm.

Publisert Sist oppdatert

– Det var morosamt å prøve seg mot dei beste i mi aldersgruppe. Eg føler eg heng godt med dei andre deltakarane, og det er artig å sjå at den treninga eg har lagt ned gjev resultat, seier Johannes Lønnestad Flaaten i ei pressemelding frå skiforbundet.

Under samlinga var treninga sentrert kring teknikk og rulleskiøvingar. Klæbo hadde ei økt med fokus på sitt karakteristiske rykk i motbakkane, medan Fossesholm instruerte i svingteknikk. Begge dei to landslagsløparane kytte av seljordingen.

– Å få lov til å matche seg med dei som er endå litt sterkare enn deg på trening er sjølvsagt tøft men også motiverande for min namnebror. Når ein ser nivået til dei andre på treningane veit du litt meir om kor langt du må strekke deg for å bli betre, seier Johannes Høsflot Klæbo i pressemeldinga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS