73 år etter at han tenestegjorde i Tysklandsbrigaden, mottok Jons Storlid «Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner» og «Tysklandsbrigadens veteranforbunds medalje».
Elisabeth Hagen Kvalem
Jon blei heidra for innsatsen etter 73 år
For 73 år sidan var Jon Storlid med i Tysklandsbrigaden. 7. januar 2022 fekk han medaljar for innsatsen.
I 1948 var Jon Storlid 22 år. Etter seks månaders opplæring på Heistadmoen ved Kongsberg, gjekk reisa til Vallemyrane ved Porsgrunn. Etter noko venting gjekk Brigade 481 om bord i KNM Svalbard på Herøya.
– Eg kan ikkje hugse om eg blei sjøsjuk, men eg kan hugse lukta av oppkast om bord, så nokon blei nok sjuke under overfarten, fortel Storlid.
KNM Svalbard var eit troppetransportskip som amerikanarane hadde tatt frå tyskarane og selt vidare til Noreg. Våpen, køyretøy og uniformer blei kjøpt av britane. Kvar brigade var på 4000 mann. Om bord i KNM Svalbard var det plass til 1000.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP